Dei nynorske festspela

Med morsmål som tema gjev festspela noko for alle

Simone Eriksrud og Bugge Wesseltoft er blant trekkplastera under Dei nynorske festspela i år. Festspeldiktar er Ruth Lillegraven.

Dei nynorske festspela Her er nokre av samarbeidspartnarane som bidreg til festspela på ulike måtar.  Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Kultur

Dei nynorske festspela går av stabelen 23. juni, og vil vare i fire fullspekka dagar. Mesteparten av programmet vil gå føre seg ved Ivar Aasen-tunet, men det vil også vere ulike arrangement rundt om i Ørsta og Volda.

– Det er spennande med morsmål som tema. Alle har eit morsmål og kan relatere seg til det. På festspela vil vi få vite meir om det, og møte menneske med ulike erfaringar med morsmålet sitt, seier Åshild Widerøe.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Over 50 arrangement

Åshild Widerøe er programansvarleg for Dei nynorske festspela. Ho seier at med over 50 arrangement, så er det mykje spennande som publikum kan få med seg. Blant alle dei andre arrangementa, seier Widerøe at utekonsertane blir bra. Simone Eriksrud, kjend frå D`Sound, er frå Volda og har tysk som morsmål.

– Eg trur det blir ei spesiell oppleving med Simone sin konsert, seier Widerøe.

Hald deg oppdatert - følg smp.no på Facebook

Tema for i år vil gå som ein raud tråd gjennom festspeldagane, og blir sett lys på gjennom litteratur, foredrag og samtalar. Publikum og besøkande kan også møte Marit Eikemo og Unn Røysteland i festspela. Guy Puzey er omsetjar, og har omsett Maria Parrs lokale og kreative kraftuttrykk til eit anna språk. På festspela får publikum høyre meir om det.

– Eg vonar at det er eit program som engasjerer folk, seier Åshild Widerøe.

Ingebjørg Bratland vil halde konsert på fredag, og er eit av trekkplastera i festspela. Andre kjende namn til festspela er Heine Totland og Gisle Børge Styve.

Samlaren Arild Torvund Olsen har i år endå fleire vinylplater med nynorske songar. Olsen tok del i festspela i fjor også. Han gjentek suksessen med Platekåseri, saman med Olav Hove som er mest kjent frå Utakt i NRK P1. B.R.U.S. er å sjå i salen ved Ivar Aasen-tunet, fredag 24. juni.  Foto: Charlotte Karoline Kvistad

 

Nynorsk tulle-punk

I år har festspela satsa på fleire festsprell for barn, med mellom anna framsyninga "Eg ler meg i hel". Det vert også skrivekonkurranse for ungdom. Arild Torvund Olsen, platesamlar, seier at han skal ta med barna sine til festspela på arrangementa for barn. Sjølv skal han stå på scena laurdagskvelden, i salen ved Ivar Aasen-tunet. Saman med Olav Hove skal han framføre eit platekåseri, av nynorske plater med musikk.

– Vi skal ta føre oss heile soga, frå første vinylplate og fram til i dag. Eit døme er nynorsk tulle-punk frå 70-talet, seier Olsen.


Bratland til festspela

Ingebjørg Bratland held konsert 24. juni i Ivar Aasen-tunet under Dei nynorske festspela 2016.