Slaget ved Hjørungavåg prydar kantina

Vegger og vindauge i kantina i Hareid Group sitt nybygg er tilpassa måleriserien «Slaget ved Hjørungavåg, 2013». Som ein teikneserie får tilsette lokalhistorie saman med lunsjen.

Kantinekunst: Tilsette set pris på å kunne studere måleriserien «Slaget ved Hjørungavåg, 2013» i lunsjpausen. – Måleria er kjempeflotte, og framstiller historia kring det historiske slaget på ein fin måte, meiner Karl-Atle Smoge. Han og kollegaer synest at Vikhagen-kunsten gjer kantina i Hareid Group sitt nybygg ekstra fin. 

– Midt i blinken at måleriserien blir verande her på Hareid

Håvard Vikhagen
Kultur

– Vi kjenner sterkt på at måleriserien har fått ein god heim på rett plass! Det seier konsernleiar Ronald Dyrhol. Han er svært nøgd med at Hareid Group har sikra seg 30 av 37 måleri i serien Håvard Vikhagen har måla om slaget ved Hjørungavåg til utsmykking i det nye administrasjonsbygget ved sjøkanten i Hareid sentrum.