– Skulpturen er ein hyllest til menneska som ikkje heilt har fått det til i livet. Dei skakkøyrde, som har ei anna innsikt og livserfaring som det er viktig å lytte til for oss alle. Særleg i vår tid når samfunnet er prega av at alt skal vere så greitt og lettvint.

Per Inge Bjørlo snakkar raskt, som for å sikre seg mot at orda han har tenkt ut om kva «Gener» handlar om skal forsvinne med ein grådig måse. Den anerkjende kunstnaren er tilbake i heimbyen han flytta frå som tenåring for å sette eit skulpturelt spor etter seg.

– Eg har ein sjenanse for å kome heim med kunsten min, men samstundes er eg stolt over det eg har lagt ned av meg sjølv i skulpturen. Og som eg no gir frå meg, seier kunstnaren som ser på seg sjølv som ein tilbaketrekt person.

Avduking og overreking av skulptur

I går var 63-åringen, saman med rundt 50 frammøtte til stades under avdukinga og overrekkinga av stålskulpturen Stiftelsen Kjell Holm har gitt i gåve til Ålesund kommune.

– No er vi spent på korleis skulpturen blir motteken av ålesundarane, og glade for å kunne presentere den for alle som besøkjer Byparken, sa Marianne Roald Ytterdal mellom anna under avduking der ho ikkje minst trakk fram at Bjørlo sitt formspråk og særeigne skildring av den indre og ytre verd har gjort han til ein kunstnar av verdsformat.

– Vi er veldig stolte over å ha fostra ein kunstnar av så stort format, og Ålesund kommune er veldig takknemleg for gåva. Denne skulpturen blir eit spanande innslag i byen. Den kjem til å gjere noko med oss, utfordre oss og bidra til fruktbare samtalar når vi ser på den, sa ordførar Eva Vinje Aurdal då ho på vegner av kommunen takka for skulpturen.

Bjørlo sitt kunstnarskap har lenge vore prega av eit stort alvor. Både skulpturane, installasjonane og grafikken han lagar skildrar ofte indre landskap basert på minne og sterke kjensler.

Sist han viste kunst i Ålesund var med mellom anna installasjonen «Velkommen hjem» i Jugendstilsenteret i 2004. Den viste skarpe glasskår som stakk ut frå bordduken i apoteker Øwres spisestue.

Personleg skulptur

Slik er det og med skulpturen «Gener».

– Den handlar om kvar ein kjem frå, og kva ein ber med seg gjennom livet. For meg er «Gener» veldig personleg. Den er forma ut ifrå mine erfaringar, seier Bjørlo som ser tilbake på ein barndom og ungdomstid i Spjelkavik som til tider var vanskeleg.

– Det var ei tid på godt og vondt, som eg er glad for å ha med meg. Minne eg bilde eg ber med meg har eg brukt i utforminga av skulpturen, fortel Per Inge Bjørlo som brukar kunsten til å røre ved kjensler, og for å nå fram til det stille rommet kvart menneske har i seg.

– I dagens samfunn skal alle stå fram som suverene, og ha full kontroll. Men slik er det ikkje. Brått skjer det endringar fysisk eller psykisk som ein ikkje rår over. Ein må kunne innrømme at ein er svak og sårbar, meiner kunstnaren som har gitt uttrykk for desse ukontrollerbare endringane i livet med ulike former som poppar ut av skulpturen.

Rar og underleg skulptur til ettertanke

– No har «Gener» fått sin plass i Byparken. Har du tankar om kva skulpturen skal bidra til?

– Det ein rar og underleg skulptur, som på sett og vis rommar eit menneskevolum. Kanskje nokon avviser den ved første augekast, men eg håper folk stoppar opp og tek seg tid til å fundere over den. «Gener» handlar om kjensler, og eg håper den opnar for undring og ettertanke, seier Per Inge Bjørlo som har lagt mykje av seg sjølv i denne skulpturen.

– Og no har den enda opp her i Byparken. Det gir ei god kjensle, seier den utflytta ålesundskunstnaren.

<strong>NY skulptur:</strong> Per Inge Bjørlo saman med skulpturen «Gener» som vart avduka i Byparken i år. –Eg håper skulpturen opnar for undring og ettertanke, seier kunstnaren som har lagt mykje av seg sjølv i dette verket.