Tok i mot prestisjeprisen for Storfjordens Venner

Men fekk ikkje hovud- eller publikumspris under utdelinga.

Medlemmer i delegasjonen til Storfjordens Venner på plass i Teatro de la Zarzuela i Madrid rett før seremonien for tildeling av Europa Nostra-prisen / EUs kulturminnepris 

Kultur

Den 7. april vart det gjort kjent at Storfjordens venner vann EU sin Kulturarvpris, Europa Nostra-prisen, i kategorien «særskilde prestasjonar». Det for sitt bevaringsarbeid av kulturlandskap og eldre arkitektur.


Får kulturminnepris:

Europeisk pris til Storfjordens Venner

Storfjordens Venner er tildelt EUs kulturminnepris, Europa Nostra pris 2016. Prisen blir overrekt i Madrid i mai.

Dette har arbeidet har dei gjort sidan 1975, og det på frivillig basis.

Tysdag kveld vart dei heidra for arbeidet sitt under ein prisseremoni i Teatro de la Zarzuela i Madrid.

– Kjell Løseth tok imot Storfjordens Venner sin pris, fortel nestleiar Bjørn Steinar Skarbø.

Løseth er leiar av foreninga.

At dei fekk pris gjorde at dei også vart nominert i andre kategoriar. Det er i alt 28 prisvinnarar, og åtte av desse får ein av hovudprisane.

– Vi nådde dessverre ikkje opp i konkurransen om dei sju hovudprisane eller publikumsprisen, seier Skarbø, som likevel har all grunn til å vere nøgd.

Les leiar 8. april: Europa Nostra til Storfjordens Venner (krev abonnement)