Under opninga av Sula kulturskulefestival onsdag kveld fekk Ivar helsing frå ordføraren og sjekk frå Norsk Tipping og kulturskulerådet. 10.000 kroner let seg høyre.

Men så vil det seg slik at han attåt sjølve sjekken og heideren også får oppleve eit såkalla «Drømmetreff»: Her legg gjevarane ekstra i skåla, noko som kjem ein liten handfull heldige mottakarar til gode.

I Ivar Trengereid sitt tilfelle oppfyller dei draumen hans om eit møte med Ørnulf Opdahl i atelieret på Godøya.

Den talentfulle og seriøst arbeidande målaren får dessutan reise til legendariske Royal Talens og Royal Talens Experience Center i Nederland.

Dette er eit mekka for målarar ettersom dei her både får prøve alt som finst av material og gå ulike kurs. Det er altså både shopping og testing om kvarandre.

Trengereid har kunstnaren Mariann S. Sæbjørnsen som lærar i kulturskulen, og ho skal fylgje eleven sin på denne spennande og vonaleg inspirerande turen.

Kulturskulefestivalen syner elles teater i kveld. Laurdag er dei høgt og lågt på Devoldfabrikken, går streetparade og greier. Kyrkjekonsert søndag, medan måndagen byd på blues.

Tysdag er det open scene i Kantina og onsdag animasjon i amfiet.