Heftig på prestegarden

I helga er det Midtsommardagar i bygda Norddal. Årets trekkplaster er utekonsert med Valkyrien Allstars fredag kveld – på Norddal prestegard.

SPELAR OPP: Valkyrien Allstars kjem til Norddal fredag kveld. FOTO: SCANPIX 

Kultur

Valkyrien Allstars er ein norsk hardingfeletrio som spelar norsk folkemusikk på mange ulike måtar. Fredag blir det også konsertpub på Paktarstova.Laurdag er det musikk og underhalding på Kyrkjemyra, mellom anna med marknadsdag, musikk ved Commotion Blues Brothers, ulike aktivitetar for born og unge, båtseminar i Notnaustet, swinginstruksjon på Petrines – og midtsommardans på Petrines med N.O.T.

Det er open dag laurdag både på Melchiorgarden og på Tonga gardsbryggeri.

Søndag er det verdsarvgudsteneste, natursti og grautservering på Herdalssetra, medan det blir omvising og formidling i Klosteret.