– Haustprogrammet byr på alt frå språkfagleg og litterært påfyll til god gammaldags julestemning, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan i Aasen-tunet, i ei pressemelding.

Boknatt

Til Boknatta 10. november kjem fire forfattarar som alle gir ut ny bok i haust og som har røtene sine på Sunnmøre: Kaisa Aglen, Øystein Orten, Olav R. Øyehaug og Gunnhild Øyehaug.

Juleroser

To kveldar i haust blir det opplesing og song i Aasen-tunet. Først ut er Tore Renberg saman med gitarist Alexander Flotve. Herborg Kråkevik og pianist Julian Berntsen set publikum i førjulsstemning med song og opplesing av nyaste utgåva av Juleroser.

Helge Sandøy kjem til Aasen-tunet med foredraget «Korfor ei ny norsk språkhistorie? Ny kunnskap og nye perspektiv» om band 1 i verket Norsk språkhistorie.

Orkan

Folkekjære Oddgeir Bruaset har møtt igjen mange av menneska han intervjua etter nyttårsorkanen for 25 år sidan, om korleis dei opplevde katastrofen og korleis liva deira vart etterpå. I foredraget om orkanen spør han også om kva som skjer med vêret vårt.

Aasen-tunet satsar ekstra på barnefamiliane i haust, og har familiedag med ulike tema første søndag i kvar månad.

<strong>Til Aasen-tunet:</strong> Herborg Kråkevik lagar julestemning saman med pianist Julian Berntsen. Foto: Agnethe Brun.