Bildet er tatt av Håvard Myklebust, som er kjærast med barnebarnet til Leif, og blant over 5.600 fotografar og over 30.000 bilde er bildet eitt av 25 som har komt vidare i kategorien «Spirit».

- Det er klart ein blir stolt over sånt! Konkurransen, som er rekna som den største i verda i sitt slag, blir kun halde kvart tredje år, og - utan å ha sjekka alle bilda i dei ulike kategoriane, så er det truleg ikkje mange - om nokon -  norske i tillegg til meg som er vidare, seier Myklebust." Til dagleg er han å finne som ingeniør i Vegdekke Entreprenør i Volda, men omtalar fotointeressa som ein «rimeleg solid hobby».

Om kategorien «Spirit» heiter det mellom anna at den er for bilde som skildrar ånda eller personlegdomen skapt av idrettsprestasjonar.

- Det er nett denne lidenskapen for idretten som Leif syner som gjer bildet så spesielt, tenker eg. Med utstyr og entusiasme tilseier det at han har hatt tilhøyrsle til skisporten over ei årrekke og dei mange opplevingane det har medført, skriv Myklebust på Facebook.

PS! Leif vart 86 år i juni det året bilete vart tatt og fylte 88 i juni i år. Etter sigande er han framleis i god form.

Bildet er tatt av Håvard Myklebust frå Volda. ARIVFOTO: SVEIN AAM