Mange samla seg til UKM i Stordal

Søndag var kring 300 menneske i Stordalshallen for å få med seg årets lokale UKM.
Kultur

Sjå bildeserie over alle foto: Hallgeir Hove

I kommunen med drygt 1000 innbyggjarar, tilsvarer oppmøte nær ein av tre stordaling. Fotograf Hallgeir Hove rapporterer om kjempeflott stemning og over 30 ungdomar på scena.

Elevane i 10. klasse har lagt ned mykje arbeid i arrangementet. Ein jury beståande Maria Holand Tøsse, Joakim Helland Helgesen og Ola Stavseng vurderte alle innslaga og gav tilbakemeldingar til deltakarane.