Solevåg:

Steller i stand støttekonsert for kreftforsking

Anna og Vilde frå MGPjr kjem, og det gjer også Sigvart Dagsland og Tito Magic. I tillegg blir det elevinnslag – og alt skjer 28. mai, i Solevågshallen.

Solevågshallen Initiativtakar Maria Jenset Solevåg (t.v.) samarbeider med FAU ved Solevåg skule om støttekonserten, 28. mai. Her i lag med FAU-leiar Jannicke Darup. 

Til grunn ligg eit ønskje om å gje folk i ein tung periode ei fin oppleving

Maria Jenset Solevåg
Kultur

– Vi har fleire i bygda som er ramma av alvorleg kreftsjukdom. På ein liten stad som vår rører dette ved dei fleste, og til grunn ligg eit ønskje om å gje folk i ein tung periode ei fin oppleving. Der dei – på si side, kan kjenne på støtta i bygda, medan dei som har lyst til å gjere noko får moglegheita til det, saman. Håpet er å kunne samle store delar av Solevåg.