Tittelnovella i Rønnaug Kleivas nye novellesamling «Western Desert» handlar om eit ektepar som sit i Aswan i Egypt, nær Western Desert, en del av Sahara-ørkenen. Dei har mista sonen sin 22. juli. Kva har dei å kome heim til?

— Novella Western Desert er laga gjennom dei siste åra, men ikkje påbyrja før eit par år etter 22. juli-angrepet i 2011. Eg skulle skrive om Utøya, men makta ikkje gjere det, seier Kleiva.

I staden skreiv ho først eit stykke for Radioteatret som handla om å miste ei dotter og ei søster i sjølvmord. Det har tittel «Båtar på vatnet».

— Korleis går det med ekteparet i novella?

— Eg veit ikkje, men heilt håplaust er det vel ikkje. Eg slepper dei før eg veit alt.

Nær døden

Også dei andre novellene i samlinga er om menneske som kjem nært døden på ulikt vis:

Ein far har mista kona sin. Han vil berre forsvinne, men har ei datter å ta seg av.

Ei dotter teiknar mor si i sjukesenga, og legg bildet ut på Facebook idet døden inntreffer.

Ein forfattar går bort, og straks vil alle vise kor godt dei kjende han.

— Eg har alltid vore opptatt av død, seier Kleiva:

— Dei fleste tenkjer meir på det dess eldre dei blir, det er rein realitetstenking. At ein skal døy sluttar å vere teori og blir til ja, kor mange år kan eg rekne med å ha igjen?

— Uansett, gammal eller ung, døden kan ein ikkje kome unna.

— Eg er ikkje redd for å bli gløymt, men sjølvsagt kjem eg til å bli gløymt. Ungane mine vil nok snakke om meg og fortelje historier om meg og le, for eg har sagt og gjort mykje rart og dumt. Men også dei skal døy. Vi må innfinne oss med at vi går inn i døden, mørket, blir til jord, blir ein del av jorda, blir til ein annan natur enn vi er no.

— Eg er heller ikkje redd for at hemmelegheiter skal bli avdekka når eg døyr. Folk trur og seier så mykje uansett, det lever sitt eige liv, ein kan ikkje kontrollere det, seier Kleiva.

Leve og skrive meir

— Då eg var ung, kunne eg tenkje at livet ikkje var verdt å leve. Slik tenkjer eg ikkje lenger. Det er så kort tid igjen - ingen vits i å skunde seg med å døy.

— Eg er ikkje redd for å døy, eg har brukt livet mitt, men eg vil gjerne leve litt til, skrive meir og vere der for mine næraste. Sjå fleire vårsoler som i bakkane blømer! Å følgje med på det som gror er noko av det største eg veit. Eg har no sådd 14 tomatsortar, og chili og paprika tatt med frå Andes-fjella i Argentina.

— Kva gjer du elles for å halde døden på avstand?

— Eg gjer ikkje noko spesielt, anna enn at eg tenkjer at det er somme ting eg kan vente med å gjere til eg blir avfeldig. Andre ting vil vere dumt å utsetje, som å reise.

Pilgrimsvegen

— I april i fjor tok eg nokre veker på pilegrimsvegen til Santiago de Compostela. Å ta på seg sekken og gå ut åleine tidleg om morgonen og vite at det var det ein skulle gjere den dagen - å gå - var godt for sjela.

— Eg har byrja tenkje meir helse.  Dette er også med tanke på neste generasjon, som må slite med så mange lengelevande pensjonistar. Då bør ein i alle fall gjere sitt for å lette børa deira, lette overgangen til dei som skal ta over stafettpinnen.

— Meininga med livet kan eg ikkje uttale meg fornuftig om. Men det er vel greitt å vere eit nokolunde bra menneske og å bruke dei moglegheitene ein har. Eg liker orda «greitt» og «bra nok». Det får halde.

— Og liv etter døden? Nei, det trur eg ikkje på. Og det er greitt.