«Om stengsel i stikk og klikk» i Arendal:

Marit Helen Akslen og Geir M. Brungot med stor fellesutstilling

I tallause sting med nål og tråd, motivjakt og timar i mørkerom trår samfunnskritikk fram i tekstil og fotografi.

UTSTILLING Gjerde, stengsel, forsvar og sikkerheit er stikkord for både tema og motiv i både fotografi og tekstilkunst kunstnarane stiller ut i Arendal. – Vi har funne ut at arbeida våre snakkar saman, seier Marit Helen Akslen og Geir M. Brungot.  Foto: Nils Harald Ånstad

Kultur

«fence/defence» er tittelen på den store fellesutstillinga Marit Helen Akslen og Geir M. Brungot opnar i Bomuldsfabriken Kunsthall laurdag 17. februar. Då fyller kunstnarane frå Sykkylven dei seks salane i det anerkjende galleriet i Arendal.