«Heimebane»:

Morten Svartveit jobba hardt for å få til sunnmørsdialekta

Morten Svartveit, som har rolla som klubbleiar Espen Eide i «Heimebane», har jobba hardt for å få dreisen dialekta.

Klubbleiaren: Morten Svartveit som den sympatiske klubbleiaren Espen Eide. Mange har kommentert at han liknar på «Mr. Hødd», André Nevstad. Det tek han som eit stort kompliment.   Foto: NRK

Kultur

(Vikebladet:) – Ja, det har vore ein krevjande prosess. Så får andre avgjere om eg har fått det til eller ikkje, seier Svartveit, som denne veka er tilbake i Ulsteinvik for å starte opptaka til sesong 2.