– Salmesong, musikk, lyrikk, bildekunst og teater,- det finst så mange ulike kunstuttrykk, og det finst så mange ulike måtar dei kan brukast på for å få folk til å reflektere rundt tru.

Det seier Bente Wangensteen. Ho er undervisingsrådgjevar i Møre Bispedøme og no koordinator for den nasjonale rådgjevarkonferansen Møre Bispedøme arrangerer i Ålesund dei komande tre dagane.

Konfirmant-teateret

Dei skal alle tre ha innlegg når temaet kunst og kultur i trusopplæringa skal drøftast.

Før debatten onsdag får konferansedeltakarane sjå førestillinga «Korfor er det så mørkt her?» framført av Inger Bakke og Viggo Solum i Volsdalen kirke.

– Teaterstykket er vist heile 36 gongar i regi av Møre Bispedøme og rundt 2000 konfirmantar i fylket har fått oppleve stykket som tek opp spørsmål om kva nåde er. No håper vi at «Korfor er det så mørkt her?» blir ein del av den nasjonale skulesekken, slik at barn og unge over heile landet får sjå stykket, seier Wangensteen.

Kunst og korsong

Ho legg til at Møre Bispedøme er stolte over å vere vertskap for den nasjonale rådgjevarsamlinga, og at dei nyttar høvet til å vise fram noko av kunsten og kulturen området her kan skilte med.

– Det spesielle her i Ålesund er dei korte avstandane mellom kyrkjekunst på historisk grunn til notidas kunstuttrykk, seier Bente Wangensteen og siktar til Tavle-Jakob sin kunst i Giske kyrkje, Peson-freska i Ålesund kirke og glaskunsten til Frans Widerberg i Volsdalen kirke.

I tillegg får konferansedeltakarane mellom anna oppleve atelierbesøk hos Ørnulf Opdahl, Alnes fyr og opplevingssenter, Pilegrimsvandring i Borgundgavlen og salmekveld i Ålesund kirke leia av dirigent Per Oddvar Hildre. Det skjer onsdag kveld og er open for publikum.

– Korsong er ein stor og flott tradisjon for Møre, som sjølvsagt må trekkast fram i ein samanheng som dette, meiner arrangøren for kyrkjeleiarsamlinga.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet