Det er grunn til å slå på stortromma for dette jubileet – særleg i Møre og Romsdal. Det er ikkje ofte fylket vårt er i front når det gjeld pionertiltak for kvinner, men her har vi eit unnatak. Det skuldast ein progressiv fylkesmann.

I 1784 fekk Even Hammer endeleg styresmaktene i København med på å etablere ei jordmorordning på landsbygda i Møre og Romsdal. Kvinnene som ynskte å bli jordmødrer skulle få opplæring hjå fylkeslegen i Molde. Sjølv om det var jordmødrer med utdanning frå København i nokre av byane i landet, var det ingen på landsbygda.

Kvinner døydde i hopetal under og etter fødselen. I staden for ufaglærte hjelpekoner skulle fødekvinnene få kyndig, utdanna hjelp, meinte Hammer. Den første kvinna som fekk slik utdanning nokre veker i Molde var Marte Larsdotter Heissa. Ho arbeidde i deler av Borgund prestegjeld på Sunnmøre frå 1789.

Ein jordmorskule i 1818

Marte Heissa døydde i 1817 og fekk ikkje oppleve då det året etter vart utlyst på kyrkjebakkane at kvinner kunne få plass på den nyopna statlege jordmoropplæringa ved Fødselsstiftelsen i Kristiania. No kom det til nytte at fylket alt i tre tiår hadde vent seg til at jordmødrer var noko fylket burde ha.

Møre og Romsdal vart det første fylket som systematisk sende kvinner til opplæring ved jordmorskulen på offentleg rekning. Slik fekk òg fattige vestlandsjenter for første gong høve til å «bli til noko». Fram til formannskapslovene kom i 1836 hadde 41 kvinner frå fylket utdanning frå skulen, 19 av dei kom frå Sunnmøre. Berre ein av sunnmøringane, Karen Pedersdotter, betalte sjølv for skulegangen.

Alle jordmorelevane på denne tida tok seg fram til fots til hovudstaden. Ei strabasiøs reise der dei måtte spørje seg fram og be om mat og husly på vegen. Og etter eit hardt år på jordmorskulen der dei måtte gjere alt arbeidet på Fødselsstiftelsen, gjekk dei heim att til eit særs strabasiøst yrke.

Gifte kvinner med barn

Ein kan ikkje anna enn å beundre desse kvinnene som gjekk den lange vegen inn i ei ukjend verd. Nokre av dei var gifte og hadde barn, nokre var til og med gravide og fekk barnet medan dei gjekk på skulen.

Gunild Knudsdotter frå Volda hadde tre barn då ho gjekk på jordmorskulen. Kanskje tok ho utdanninga for å kunne forsørgje familien. Mannen var spedalsk og døydde på leprasjukehuset i Molde.

Sara Johnsdotter frå Ørsta hadde to barn heime. Det tredje fødde ho på jordmorskulen. Det same gjorde Berith Eliasdotter frå Hjørundfjord. Trass i ein sjuk mann, som døydde samstundes som ho tok eksamen i 1826, to barn heime og ein nyfødd på skulen, fekk ho utruleg nok godt vitnemål. Også Berthe Knudsdotter frå Stordal var gift kone og hadde fødd tre barn – to av dei levde og var seks og to år gamle – då ho la i veg mot Kristiania i 1828.

Ulike lagnadar

Dei 19 jordmødrene frå Sunnmøre fekk òg svært ulike lagnadar. Dei to første vart ferdig utdanna i 1821 og kom begge til Borgund prestegjeld. Men medan Jacobine Salomonsdotter vart godt gift med ein framgangsrik handverkar og var tilsett i ein veksande by, døydde den andre, Maren Pedersdotter, som fattiglem. Nokre døydde så tidleg at dei ikkje fekk vist kva dei dugde til. Berthe Tverberg i Ulstein tok til i 1828, men døydde etter berre tre år. Den gåverike første jordmora på Stranda, Inger Johnsdotter, som kom frå ein liten «sveltihel»-husmannsplass i bygda, fekk i alle fall i ni år vise kva ho dugde til.

Ein heilt spesiell lagnad fekk Syneve Eliasdotter. Ho fekk barn utanom ekteskap med mannen i huset der ho hadde vore og hjelpt kona hans med ein fødsel. Eit eklatant brot på yrkesetikken. Ho gifte seg med ein annan mann, fekk fleire barn og arbeidde som jordmor til 1858 då ho miste jobben etter ein fødsel der både mor og barn døydde.

Folkeleg motstand

Sidan jordmorordninga var tvinga på folk ovanifrå, var det ofte sterk motstand mellom folk mot å bruke jordmora. Dei ynskte ikkje å betale den vesle fastsette taksten og tilkalla heller dei vanlege hjelpekonene som ikkje kosta noko. Det ser ut til at det var i Sande, Vanylven og Volda at motstanden var størst. Johanne Sophie Berg fekk den beste eksamenen av alle dei 19 første jordmorelevane. Likevel vart ho lite brukt i distriktet sitt.

Jordmødrene i Volda og Ørsta fekk sterk og til dels sjikanøs motstand frå dei folkevalde i kommunen som nekta å gje dei løna som lova kravde. Det var først då futen greip inn, at den første jordmora i Sande fekk løna si frå distriktet. Den mest tragiske lagnaden av alle fekk likevel Oline Nielsdotter, den andre jordmora i Sande. Motstanden i distriktet var så intens at ho «gikk fra forstanden og døde», som distriktslegen skreiv.

Ei nasjonal skam

Trass i at dei redda hundrevis av liv gjennom 200 år, er den låge løna til distriktsjordmødrene ei nasjonal skam. Det må vere eineståande i norsk historie at ei yrkesgruppe ikkje fekk lønsauke på 90 år! Jordmora i Sykkylven sa truleg opp i 1850 etter kontroversar med kommunen om løna. Oppseiingar var høgst uvanlege for jordmødrene hadde oftast ikkje noko anna å gå til og heldt difor ut i jobben lenger enn dei hadde helse til.

Jordmødrene var ofte koppevaksinatørar i tillegg til jordmoryrket. Det var meint som ei ekstrainntekt, men det var så elendig betalt at den første jordmora i Haram sa opp vaksinasjonsjobben på grunn av at ho regelrett tapte på jobben.

Den lange kampen jordmødrene måtte føre for pensjon, er ikkje mindre skammeleg. Etter 31 år i det harde Herøy distrikt, sa jordmora opp i 1859 og søkte om pensjon «formedelst Sygelighed og Svækkelse». Ho fekk ingenting, men med hennar lagnad som døme sette distriktslege Sophus Høegh i gang ein kampanje for at amtet skulle gje jordmødrene pensjon.

Dei vann fram i 1866 då fylket opna for ein ørliten årleg pensjon dersom kommunane òg gav noko, men det sat ofte langt inne. Men då den første jordmora i Eidsdal og Tafjord gjekk av i 1868 hadde kommunestyret forstått eitkvart då dei uttalte at ho hadde vore enkje lenge og fostra opp fem barn i tillegg til at ho i «36 Aar med Duelighed og Nidkjærhed [hadde] udført sitt ansvarsfulde Hverv.» Ho fekk den vesle pensjonen.

Jordmora i Sunnylven og Geiranger vart i 1847 «angreben af en Lamhedssygdom i begge Hænder». Etter at ho i fleire år hadde prøvd lege etter lege, måtte ho i 1853 seie opp stillinga si. Ho søkte fylkesstyret om det vi i dag vil kalle uføretrygd. Det vart avslege.

Men det var òg dei som klarte seg betre økonomisk. Dei kunne vere heldige med giftemålet sitt slik som jordmora i Ålesund, eller dei kunne ha liten forsørgjarbyrde. Jordmora i Ørskog og mannen hennar var barnlause, og då ho døydde som enkje testamenterte ho pengar til fastskule der ho budde. Ho hadde vel sjølv opplevd kor viktig det var med lærdom.

Dei var heller ikkje så nøye med stavinga av fornamn, så ei Britt kan bli både Berith og Berthe i kjeldene. Namna til dei første jordmødrene er ikkje noko unnatak. Her har eg valt å skrive namna deira slik dei stod i eksamensprotokollen for jordmorskulen:

Eksamen 1821 Jacobine Pauline Salmonsdotter. Jordmor i ladestaden Ålesund og delar av Borgund prestegjeld

Eksamen 1821 Maren Kristine Pedersdotter Vegsund. Jordmor i delar av Borgund prestegjeld

Eksamen 1825 Johanne Sophie Berg. Jordmor i Vanylven

Eksamen 1825 Gunild Knudsdotter Klep. Jordmor i Volda

Eksamen 1826 Berith Eliasdotter Rekkedal. Jordmor i Hjørundfjord

Eksamen 1826 Syneve Elena Eliasdotter. Jordmor i Hareid

Eksamen 1827 Sara Johnsdotter Roste. Jordmor i Ørsta

Eksamen 1827 Marthe Helene Knudsdotter Løset. Jordmor i Sykkylven

Eksamen 1828 Anne Elisabeth Leganger. Jordmor i Herøy

Eksamen 1828 Berthe Laurense Tverberg. Jordmor i Ulstein

Eksamen 1829 Cecilia Amundsdotter Helbost. Jordmor i Sunnylven og Geiranger

Eksamen 1829 Berthe Knudsdotter. Jordmor i Stordal

Eksamen 1830 Jacobea Caroline Rasmusdotter Hatlemark. Jordmor i Ørskog

Eksamen 1831 Ane Elisabeth Johannesdotter Qvalsund. Jordmor i Sande

Eksamen 1832 Margrethe Rasmusdotter Relling. Jordmor i Eidsdal og Tafjord

Eksamen 1832 Inger Johnsdotter Gidskehoug. Jordmor i Stranda

Eksamen 1834 Oline Nielsdotter. Jordmor i Ulstein og seinare i Sande

Eksamen i 1834 Karen Elisabeth Pedersdotter. Jordmor i Valldal og Linge

Eksamen i 1836 Ane Marie Hanstensdotter Fauske. Jordmor i Haram

Gravstein: Det eldste kjende kulturminnet på Sunnmøre etter ei distriktsjordmor. Gravsteinen etter den første jordmora i Sunnylven og Geiranger, Elisabet Cecilie Amundsdotter, gift Hauge.
Lærebok: Familien til Elisabet Cecilie har teke vare på læreboka hennar frå jordmorskulen. På kvar ledig plass har ho stolt skrive namnet sitt. Læreboka, i tillegg til eiga røynsle, var det jordmødrene hadde å halde seg til gjennom heile yrkeslivet.
vaksinering: I tillegg til fødselshjelpar var jordmødrene ofte òg koppevaksinatørar i bygdene. Her er det den første jordmora i Haram, Ane Marie Fauske, som har vaksinert dotter si.
karakterar: Eksamensresultata for Johanne Sophie Berg, seinare jordmor i Vanylven. Ho fekk best resultat av alle dei første 19 jordmorskuleutdanna kvinnene på Sunnmøre og var «meget flittig og aktpågivende» som det står.