Arrangerer hagefest og vikingaktivitetar i tillegg til «Kongens Ring»:

Herøyspelet fornyar seg

Herøyspelet kjenner seg klar for å tenke nytt. No har dei skaffa seg fleire bein å stå på.

Fleire bein å stå på: I år tek Herøyspelet fleire grep for å fornye seg. Det blir mellom anna «Kongens hagefest» som utviding av førestillinga laurdag, og rundt 20 vikingaktivitetar for born. Alle foto: Herøyspelet  Foto: Herøyspelet

Kultur

– Eg gler meg til å vise fram alle dei nye, flotte endringane vi har gjort til publikum, fortel styreleiar Linn-Therese Sævik til Sunnmørsposten.