– Vi er godt førebudde, alle artistane kjem, og førehandssalet har vore godt, seier Arne Moe.

Han er ein av arrangørane i Bratt og Blått, som står bak Trandalblues.

Dette er den årlege bluesfestivalen i den veglause bygda Trandal i Hjørundfjorden.

I år har dei eit knippe artistar som skal spele, fordelt på to scener – og to dagar, nemleg fredag 6. og laurdag 7. juli.

– Som vanleg har vi eit variert program. Og det er som før høg kvalitet på artistane, for vi som står bak festivalen er kresne, fortel Moe.

Adam Douglas

Difor er han stolt over å kunne presentere Adam Douglas, songaren som vann Stjernekamp og som karane i Bratt og Blått reknar som halvt ørsting.

– Han var her på aller første Trandalblues i 2007. Sidan då har han fått sitt store, nasjonale gjennombrot, og er blitt ein ettertrakta artist.

Andre som skal i aksjon i kveld, fredag, er bandet Silo frå nabofylket i sør, gitaristen Amund Maarud – og amerikanske Stacie Collins.

Reidar Larsen

Laurdag tek desse over: bluesveteran Reidar Larsen, danske Mike Andersen, Peer Gynt Band frå Trøndelag, amerikanske The Welch Ledbetter Connection – og The Red Rooster Blues Band frå Volda.

– The Welch Ledbetter Connection er eit amerikansk bluesband med ei rekkje nominasjonar og prisar heime i USA. Dei skal ha to spelejobbar i Norge i sommar. Den eine blir her på Trandal, seier Arne Moe.

Trandal er utan veg, men dei har kai. Så bluespublikummet må kome med båt. Det er sett opp rute frå Ålesund, Sæbø og Hundeidvik.

Tilfeldig

Arne Moe fortel at det var litt tilfeldig at det vart starta ein bluesfestival her for 11 år sidan:

– Det begynte med at Baarelaget, som nokre av oss er med i, skule spele i samband med at Tussa opna eit kraftverk her på Trandal. Vi fann då ut vi skulle lage ein liten festival her med lokale band.

Sidan har det berre vakse på seg. Artistane er blitt stadig større namn, det kjem meir publikum – og området er blitt rigga for ein årleg festival.

– Vi har bygd både scene og flytebrygge. Hjørundfjorden er eit satsingsområde, og vi bidreg med vårt, seier Arne Moe.