Sjå bilde frå Trandalblues (fredag):

– Trandal er den beste staden å spele

Stinn brakke, nøgde musikarar, publikum i storslag, opphaldsvêr og god musikk.
Kultur

(Møre-Nytt) Trandalblues leverte varene for 11. gong i helga. Først fredag, med Silo på løda, Amund Maarud, som truleg leverte dei beste gitarriffa Hjørundfjorden nokon gong har sett, ifølgje sikre kjelder på Trandal, norsk-amerikanske Adam Douglas, nesten ørsting etter ei tid i bygda, og til slutt amerikanske Stacie Collins.