Ørsta-kunstnar med pris på Høstutstillinga: – Styrka sjølvtillit

Arild Våge Berge frå Ørsta får Norske Kunstforeningers debutantpris 2018 under Haustutstillinga - Statens Kunstutstilling.

Prisvinnar: Arild Våge Berge frå Ørsta bur og arbeider i Oslo. Arkivfoto  Foto: Hild Nordal

Kultur

Prisen på 50.000 kroner vert delt ut i samband med opninga av utstillinga ved Kunstnernes Hus i Oslo laurdag.

Berge  kjem frå Ørsta, men bur og arbeider i Oslo. Han får prisen for to kunstverk som har utspring i Tussa si utbygging av vasskraftverk i Hjørundfjorden.

Juryen peikar på at kunstnaren med verka «Unstable Monuments 1» og «The Gravity of a Lake Focused Into One Point (2)» nyttar forholdet til eigen familie til å stille spørsmål ved historia, og korleis me forstår og nyttar naturen. Verket pirkar i vår eiga nasjonalkjensle, og bokstaveleg talt tvingar oss til å tenkje kultur og natur saman, heiter det i ei pressemelding onsdag.

Les også: Heidrar farfaren med kraftkunst (for abonnentar)

Kjernen i prosjektet er friksjonen mellom kunstnar- og ingeniøryrket, ifølge Berge - som ser på verka både som ein heder og kritikk av ingeniørarbeidet.

– Eg kjenner allereie at prisen har gjeve meg styrka sjølvtillit, det er med på å styrke ei retning som har eg lyst til å halde fram med. Det vert ei stadfesting på at det eg gjer også har interesse for andre. Eg får lyst til å arbeide vidare med skulpturar og familiehistorie, dette er tematikk som har potensial til å resonnere i eit større rom, det handlar om forgjengelegdom og dødelegheit, og familierelasjonar som kan vere både fine og vanskelege, uttaler kunstnaren i pressemeldinga.


«Hjernens makeløse univers»

ANMELDELSE: Musikkfestivalen Fjord Cadenza utvider stadig repertoaret, og i Parken kulturhus sist lørdag sto ordene til en briljant professor i nevrovitenskap i fokus.

 

Innspelinga av Pål Øie sin nye film om kunstmålaren Nikolai Astrup er i gang

Henriette spelar mot «Henrik» frå suksess-serien Broen

Sist vi såg Thure Lindhardt var det saman med etterforskaren «Saga Norén». No spelar han mot Henriette Marø frå Ålesund.