Naturen i salmane

Kjende og kjære salmar, nye songar og naturskjønne bilete. Konseptet «Naturen syng» har slått an i kyrkjene på Sunnmøre.

INSPIRASJONSKJELDA: Dette nordlysbiletet frå Romsdal, teke av fotografen Øyvind Kåre Sunde, inspirerte musikaren og komponisten Håvard Sveås til å skrive nye songar til bruk i kyrkja.   Foto: Øyvind Kåre Sunde

Kultur

Komande helg blir det nye konsertar med duoen Håvard Sveås og Øyvind Kåre Sunde. Den eine tangentmusikar, komponist og arrangør, den andre fotograf og songar i koret Voxing der Sveås er dirigent.