Sigrid opptrer på Malakoff

Ålesund-artisten Sigrid kjem til musikkfestivalen på Nordfjordeid neste sommar.

Sigrid på scena i hjembyen Ålesund. Arkivbilde  Foto: Hogne Bø Pettersen

Kultur

Sigrid Solbakk Raabe skal opptre under Malakoff 2019, opplyser musikkfestivalen.

– Sigrid er kanskje den artisten vi har sett på konsert dei siste åra som har imponert oss mest. For eit rått naturtalent, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding.

Sigrid er den andre artisten som vert klar til den 17. festivalen i rekkja 18.-20. juli neste sommar. Tidlegare er det kjent at Madrugada kjem.  Det er venta fleire titals artistar til festivalen som dei siste åra har vore utselt med over 25.000 besøkande over tre dagar.

Sigrid er også bekrefta til Øyafestivalen og Vinjerock.


Madrugada til Malakoff

- Utruleg stas, seier festivalsjefen.

 

Leiar, 5. oktober:

«Ein arie for Nordfjord»

Operasjef Kari Standal Pavelich og kunstnarisk leiar ved Opera Nordfjord, Michael Pavelich, blei torsdag tildelt Kongens Fortenestemedalje. Operaen på Nordfjordeid er ei eventyrleg historie som til fulle fortener ei utmerking.