Kjellen skal lede AaFK mot Sogndal

Ein desperat Lars Bohinen ringer Kjell Kjellen Bigset for å få hjelp til å slå Sogndal torsdag.

En desperat Lars Bohinen ringer Kjell Kjellen Bigset for å få hjelp til å slå Sogndal torsdag.

Kultur

– Om eg kan stille på torsdag?

Ein desperat Bohinen er på tråden, og Kjell Kjellen Bigset er klar til å steppe inn som redningsmann for AaFK mot Sogndal på torsdag.

– Når han Bohinen er på tribunen så må du ha inn fagfolk. Det seier seg sjølv, seier Kjellen til Sunnmørsposten.

Kommentar: Helge Skuseth

«Hvor lenge kan AaFKs flaks vare?»


Og kampen skal han vinne. Med «coaching i verdsklasse». Han har jo trass alt 476 kampar med Hasungot fotball bak seg. I bakfylla.

– Og så veit eg jo at desse sogndalingane er så glade i saft. Kanskje finn han på noko lurt der og, og deler ut saft med noko ekstra oppi, seier han.

Siste show på Sunnmøre

Og så får vi Thomas Ryste, mannen bak Kjellen, på tråden. I tillegg til å stille på fotballkampen mot Sogndal, blir nemleg Kjellen å sjå på Terminalen i Ålesund i helga, med to show to helgar på rad.

I 2,5 år har han turnert med showet «Kjellen med prostata mot stjernene». No nærmar det seg slutten.

– Det blir ein liten sveip innom Ålesund igjen, og så skal eg ta heile Nord-Norge første del av 2019. Så blir det å lage nytt show til 2020, seier Ryste.

Ute med ny musikkvideo:

«Kjellen» vil latmannsdugnaden til livs

Laks og kake og reke og kjeks, karamelle og panerte torsk - og dasspapiiiiir. Du skjønar kor vi skal hen?


Han har vore landet rundt i 2,5 år.

– Kor mange har sett showet?

– Godt spørsmål, seier han og ler. – Vi nærmar oss sikkert 40.000. Det vil eg tru! I tillegg kjem eventane eg gjer som Kjellen og som konferansier. No blir det siste sjanse for Sunnmøre og Vestlandet å sjå dette showet.


Nytt Klypa-show:

Se eksklusive smakebiter fra årets Klypa-show

Med splitter nye eksklusive videoer og mer Kjellen vil årets Klypa-show vinne nye fans.