Den nye direktøren i Nynorsk kultursentrum:

– Ålesund har aldri vore eit reint bokmålsland

Av alle kommunar i fylket, har berre Ørsta fleire nynorskbrukarar enn Ålesund. Nynorskdirektøren ønsker å verte meir til stades for det store mindretalet i byane.

Fersk sjef: Per Magnus Finnanger Sandsmark har vore direktør for Nynorsk kultursentrum i litt over ein månad. Han kom frå jobben som redaktør for det digitale, nynorske oppslagsverket Allkunne – også det med base på Ivar Aasen-tunet. No vil han vere til stades også for nynorskbrukande byfolk. Dei er det relativt mange av. 

Kultur

– Eg vil ta kontakt med nye Ålesund kommune, for å spørje om kva for rolle vi kan ha overfor dei, seier den nye direktøren for Nynorsk kultursentrum.