Ingeborg Refsnes har skrive bok om turistmagneten på Sunnmøre

Fire årstider i Geiranger

Kan du skildre stemninga i Geiranger gjennom eit heilt år? Spurde forlaget Skald. Ja, sa Ingeborg Refsnes entusiastisk.

SKAGEFLÅ: 72 år gamle Gerry Henshaw, busett i Tyskland, tek seg opp stien til Skageflå – garden som klamrar seg inntil fjellet med stupet mot Geirangerfjorden framføre seg. – Dette er forbi fantasien og røynda, seier Gerry der han smyg opp den bratte fjellsida.   Foto: Ingeborg Refsnes

Kultur

No er resultatet her: Reiseboka «Geiranger» i lommeformat, der ho skildrar staden og menneska i bygda gjennom forteljingar, dikt og bilete.