Carl Frode Tiller til Dei nynorske festspela

Til Festspela: Carl Frode Tiller  Foto: Therese Alice Sanne

Kultur

Carl Frode Tiller er ein av dei mest prislønte og kritikarroste forfattarane i Noreg i dag, men han søkjer sjeldan merksemd. Under Dei nynorske festspela i Ørsta 13.–16. juni kan publikum kan vente seg eksklusive møte med den audmjuke forfattaren.

Carl Frode Tiller (49) debuterte med eit brak med Skråninga i 2003. Boka fekk både Tarjei Vesaas’ debutantpris, P2-lyttaranes romanpris og blei nominert til Brageprisen. Sidan har han skrive fem kritikarroste romanar, og har mellom anna blitt nominert til Nordisk råds litteraturpris to gonger.

Kreativt

I bøkene sine har han eit blikk nedanfrå, tett på kvardagsmennesket i distrikta. Han granskar djupe, mørke sider ved mennesket og nyttar særs kreative forteljeteknikkar for å skildre karakterane sine, ifølgje pressemeldinga.

På festspela stiller Tiller til eit eksklusivt forfattarintervju med litteraturkritikar Margunn Vikingstad, og ein samtale til om sitt forhold til ein anna viktig norsk forfattar, nemleg Jon Fosse.