Akvarellar og grafikk på Kunsthuset

Bjørg Thorhallsdottir stiller ut på kunsthuset i ørsta  Foto: Hilde Brevig

Kultur

Torsdag 13. juni opnar Volda og Ørsta Kunstlag utstilling med Bjørg Thorhallsdottir på Kunsthuset i Ørsta. Utstillinga med akvarellar og grafikk blir ståande fram til 6. juli.

Thorhallsdottir er fødd på Island, men oppvaksen i Noreg og Søraust- Asia. Ho har solid kunstutdanning, dels frå Oslo og dels frå Toulouse og Barcelona. I 2001 og 2002 gjekk ho i lære under Ignacio Aguirre som tidlegare jobba med kunstnarar som Picasso, Mirò og Dali.

Kunstnaren som no stiller ut i Ørsta, har hatt ei lang rekke separatutstillingar, over heile landet og store deler av Europa. Ho har også hatt mange utsmykningsoppdrag..

Vidar har ho gitt ut fleire bøker med eigne tekstar og illustrasjonar, og ho har illustrert fleire bøker.

Kunstnaren, som også er ettertrakta foredragshaldar, blir til stades på opninga.