Sjøhesten Hippo skal bli barnas bestevenn i havet

Hels på Hippo, ein kommande superhelt som skal hjelpe barn til å forstå kvifor plast i havet er eit stort problem. Barneboka om den vesle sjøhesten er snart klar.

Ferske i faget: Ina Giske (tv.) veit mykje om plast i havet, men har aldri skrive ei bok før. No har ho historia om sjøhesten Hippo klar, i nært samarbeid med Elin Helland Johansen som driv forlaget Knasteriet på Giske. Dei to håpar å få boka ut til barna i september.   Foto: Gry Støre

Kultur

Det heile starta med ein ekte sjøhest, fotografert utanfor kysten av Indonesia. På biletet, teke av fotografen Justin Hofman, er den vesle halen til sjøhesten krølla rundt ein bomullspinne av plast.