Urframføring i Jentekolonien

Inne i Mozart sitt hovud

Laurdag blir det framføring av ei splitter ny framsyning på Jentekolonien i Skodje.

FAMILIEFØRESTILLING: Saman med vokalisten Ruth Wilhelmine Meyer har Charlotte Fongen laga den humoristiske familieførestillinga «Inne i Mozarts hode». Her er Fongen avbilda under ei førestilling saman med Bjørnar Myhr, som også akkompagnerer på laurdag.   Foto: June R. Johansen

Kultur

Familieførestillinga, som er ein del av programmet til Fjord Cadenza, handlar om fantasien inne i den store komponisten sitt hovud.

Korleis kan det bli musikk av ei stemning, av latter, raseri, fortviling?

Og var Mozart hyperaktiv, hadde han ADHD slik det har blitt hevda? Dei to opphavskvinnene bak førestillinga, songarane Charlotte Fongen og Ruth Wilhelmina Meyer, leikar litt forsiktig med dette temaet.

«Inne i Mozarts hode» er humoristisk, nesten ei komedie, fortel Fongen. Og har både røvarspråk, naturlydar, vokallydar du mest sannsynleg ikkje har høyrt før, skapt av vokallyd-kunstnaren Meyer, kjente songar og flotte opera-ariar som ingrediensar.

Akkompagnatør er pianisten Bjørnar Myhr. Målgruppa er publikum i alle aldrar, også dei aller minste.