Radiomessa 2019

Smekkfull messehall og godt resultat

2. november gjekk den årlege Radiomessa av stabelen i hallen på Ålesund folkehøgskole, med godt oppmøte og godt resultat.
Kultur

Radiomessa er til inntekt for Radio Sunnmøre, og fekk i år eit resultat på over 160.000 kroner, med smekkfull hall frå start til slutt, melder dagleg leiar i radioen, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

– Det er både rørande og svært inspirerande å vere tilsett i Radio Sunnmøre, når ein kjenner støtta frå lyttarane på denne måten. Det var full hall frå vi opna dørene til vi stengde, og både stemninga på dagen og resultatet etter messa er berre heilt fantastisk, skriv ho i ei pressemelding.

– Det er eit luksusproblem når det ikkje er sitteplassar nok, men gjennom dagen rullerte stolane til nye seter og det vart plass til alle. Det er nok rekord både på resultat i kroner og ører, men ikkje minst også i besøkande. På talet av brukte pappkoppar har det iallfall vore 400 menneske innom hallen denne dagen i stort og smått, legg dagleg leiar til.

Sal og song

Tusenfryd barnekor opna messa med song, og Giske mannskor avslutta saman med Johan Halsne, som haldt ein appell.

Alt vart utselt av tombola og lodd. Lefsene hadde raskast bein, men det var både klippfisk å få kjøpe, handarbeid og julekaker. I tillegg var det kreps og hummar i gevinstar på lynlotteriet, fortel Espelund, og vil takke alle som har lagt ned frivillige arbeidstimar for messa, alle som har bidrege med gevinstar, og ikkje minst alle som var med på dagen og gjorde den til ein suksess.

Radio Sunnmøre er eigd av Indremisjonsforbundet Sunnmøre.