Ståle tok det beste naturbildet

Ørstingen Ståle Johan Aklestad er prest, friluftsmann og fotograf – og likar seg best i Guds frie natur. Laurdag tok han imot førstepris i Nordic Nature Photo Contest (NNPC), Nordens største konkurranse for naturfotografar.

Vinnarbildet «Høgmesse». Ola Hovdenakk på veg opp til toppen av fjellet Kyrkjetaket i Rauma.   Foto: Ståle Johan Aklestad

Kultur

Han vann i kategorien «Årets nordiske turbilde», og då i sterk konkurranse med ikkje berre nordiske fotografar, men også fotografar frå Storbritannia, Irland og Polen.