< Ikkje noko tull – her kjem Raudan Gull - smp.no/kultur – Kulturnyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Vestnes:

Tjo og hei – og Raudan Gull

Slåttar, dans og song frå Norddal og Stordal står på programmet når ungdomane i Raudan Gull 4-prosjektet held konsert laurdag 1. februar. Det skjer på Tresfjord oppvekstsenter.

Alle desse ungdomane i prosjektet Raudan Gull kan du høyre i Tresfjord laurdag 1. februar.  Foto: Edmund Melkild.

Kultur

Samtidig feirar Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal 30 år. Så etter konserten vert det dans med spelemannslag frå heile fylket.

Raudan Gull er eit ungdomsprosjekt som Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal står bak. Her møtest ungdommar i alderen 13–30 år frå heile fylket, for å lære meir om lokale folkemusikktradisjonar. Årets prosjekt har fokus på Norddal og Stordal, som i dag er blitt til Fjord kommune.

Hundrevis av notar

Jøssvoldsamlinga i Stordal er ein av dei største folkemusikksamlingane i Møre og Romsdal, og har hundrevis av notar med musikk som vart spelt i og rundt Stordal. Også elles i Stordal og Norddal er det ein stor og gamal folkemusikkarv

Det publikum i Tresfjord får høyre laurdag er musikk arrangert for anledninga av Sturla Eide og Jorun Marie Kvernberg.

Instruktørar for årets prosjekt er Kine Gyldenskog, Anna Gjendem, Thea Marie Ytterdal, Astrid Ringdal, Vidar Underset og Sturla Eide.

Møteplassar for ungdom

– Vi er svært godt nøgde med deltakinga. Heile 40 ungdommar frå 15 ulike kommunar, før kommunesamanslåinga, er med. Desse spelar fele, hardingfele, gitar, bass, tromme, syng og dansar. Det er viktig å skape slike møteplassar for ungdomen, seier Anna Gjendem ved Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Folkemusikkarkivet fyller 30 år, og er i dag ein del av Musea på Sunnmøre.

16. februar reiser ungdommane og instruktørar til Oslo for å framføre Raudan Gull 4 på Riksscena for folkemusikk og folkedans.