Helgapraten: Solveig Styve Holte.

Etablerer stort dansesenter på låven

Heile familien gret då dei flytta frå Tøyen. Men det er ei tid for alt. No har dansaren frå Folkestad teke over garden heime og vil lage koreografisenter i låven.

Satsar på bringebær: Mjølekvoten er leigd ut, no satsar Solveig Styve Holthe og familien på bringebær. I år er det riktig nok mor Marthe og far Jørgen som skal stå for innhaustinga. Generasjonstunet i bakgrunnen, med utsikt over Volda på andre sida av fjorden.   Foto: Nils Harald Ånstad

Kultur

– Vi budde på Tøyen i 10 år, og elska det. Fekk begge barna der, hadde plass i ein kupert barnehage med tre rundt, midt i Oslo. Vi har vore med heile vegen i Tøyenløftet. Vi flytta frå ei heilt magisk tid og eit magisk nabolag. Det var uendeleg trist, seier Solveig Styve Holte.