Bok:

Møt ein fargeklatt på Sunnmøre

Året er 1908, og Rosekyrkja i Stordal står i fare for å bli riven. Då slår Fortidsminneforeininga til, og kjøper kyrkjebygget. No er historia om kyrkja blitt til bok.

Frå 1799: Interiøret i Rosekyrkja vart måla av Webjørn Olsen Hamarsbøen og assistenten Anders Reinholdt i 1799. (Arkivbilde)   Foto: John Helge Larsen

Kultur

– Få kyrkjer i Norge kan måle seg med Stordal gamle kyrkje når det gjeld dekor i interiøret. Sjarmen i illustrasjonane og den gode fargebruken gjer kyrkja til noko heilt særeige. Nydelege detaljar er godt illustrerte gjennom boka og gjer den til eit praktverk.