Ber fylkeskommunen om hjelp:

Lokalmusea samlar kreftene mot samanslåing

Verken departementet, fylkeskommunen eller vedtektene til Stiftinga Musea på Sunnmøre krev at lokalmusea skal gi frå seg eigedomsretten, hevdar lokalmusea på Sunnmøre. No har dei skrive brev der dei ber fylkeskommunen sjå på prosessen bak samanslåinga.

Møttest i Ålesund: Representanter fra lokalmuseer på Sunnmøre samla på Grimmerhaugen i Ålesund: Frå venstre: Otto Magne Strømmegjerde frå Sykkylven, Odd Kåre Fløtre frå Volda, Hans-Lennart Sævik og Tor Sindre Steinnes frå Herøy, Steinar Lyngnes frå Dalsfjorden, Torgeir Melsæter og Erik Frøland frå Ålesund, Inge Bjørdal frå Storfjordens Venner, Lars Johan Huse frå Ålesund, Ole Furnes og Idar Valkvæ fra Godøy, Karin Heggen, Tove Aurdal Hjellnes, Anne Sofie Egset og Ole Rangsæter frå Volda og Liv Møller-Christensen frå Ålesund.   Foto: Marius Simensen

Kultur

Tysdag denne veka møttest representantar frå ni av lokalmusea på Sunnmøre for å snakke om korleis dei har opplevd prosessen med å slå lokalmusea saman med Stiftinga Musea på Sunnmøre.