Inviterer til samling rundt leirbålet i haustmørket

Kultur

Digitale festspel erstatta Dei nynorske festspela i 2020. Arrangementsrekka «Etterspel» har gått gjennom hausten, og vert avslutta med Tore Renberg på Ørsta kulturhus komande torsdag.

Han inviterer til samling rundt leirbålet i haustmørket. For den siste romanen hans, «Tollak til Ingeborg», fekk han nettopp Bokhandlerprisen 2020, og no hentar han ei ny utgåve av «Ein kveld med Tore Renberg» opp av hatten. Dette er ei framsyninga han har turnert land og strand med dei siste fem åra.

Med seg på scena har han gitaristen Alexander Flotve.