Gir ut bok om å vera distré:

– Eg ynskjer å vise kor menneskeleg denne eigenskapen er

Har du nokon gong lagt klede i frysaren i staden for vaskemaskina? Eller sett deg i passasjersetet og venta på sjåføren heilt forgjeves – for det er du som er sjåføren? Det har Jenny Klinge (Sp), som no gir ut bok om det å vera distré.

Ny bok: Onsdag 20. januar kjem stortingsrepresentanten Jenny Klinge (Sp) frå Surnadal ut med ei bok om det å vera distré. I boka fortel ho sjølv, og fleire kjende og ukjende personar, om distré og surrete episodar frå kvardagen.  Foto: Ragne B. Lysaker (pressebilde)

Kultur

Stortingsrepresentanten frå Surnadal gir onsdag ut boka Dønn distré. Eller berre litt surrete? Ho tykkjer nemleg det er på tide at det kjem ei bok om det å vera distré, og trur fleire kan kjenne seg igjen i det som står i boka.