Sirène hyllar Rein Alexander under MGP-finalen laurdag:

– Blir stort å sjå han i finalen igjen

Onkel og Sirène-dirigent Torgeir Hauge gler seg til å vere med under finalen i Melodi Grand Prix – med direktesendt overføring frå hans eiga stove i Gursken. Der blir også fleire av medlemmane i damekoret Sirène med - som heiagjeng.

Damekoret Sirène, som også har fleire kormedlemmar frå Ulstein og Hareid, under innspelinga av musikkvideoen på Gjøneset i Sande. FOTO: LARS NIKOLAY RIKSHEIM. 

Kultur

(Vikebladet Vestposten) Rein Alexander har sterke røter på Søre Sunnmøre – med far frå Korshamna i Hjørungavåg, Svein Arne Korshamn - og mor frå Gursken, Johanne Hauge.