Pilegrimar i kjølvatnet til Heilag Olav

Mange pilegrimar på veg til Nidaros gjekk til fots. Men langt dei fleste nytta nok sjøvegen, slik Eileen, Solfrid og Marit skal gjere i sommar, og dei inviterer med seg fleire.

Pilegrimar: Eileen Gjerde, Solfrid Leinebø Seljås og Marit Sævik Leinebø skal vere med pilegrimsferda med jekta «Anna Olava» i sommar. Du kan også få bli med. 

Kultur

– Dette er noko vi ser fram til. Tredagarsturen går med jekta «Anna Olava» frå Herøy 12. juli, via Giske og Borgund – og så er vi framme i Valldal 14. juli.