A-typisk:

Klatrelegende med 200 turar i Molladalen

På Moltustranda i Herøy bur Tore Lundberg, mannen mange beskriv som Sunnmøre si største klatrelegende. 

2017: Ørkenklatring i Namibia.   Foto: Øystein Dahl

Kultur

A-typisk

Ein sommarserie med portrett av menneske som gjer eller har gjort noko litt utover det vanlege.


Godt skjerma av skog, og med utsikt mot sjøen, ligg eit brunt hus med utskore kvite karmar. Huset kallar han «Gladheim». Det er her han bur, den myteomspunne klatraren.