Protesterte mot vindkraftutbygging med kunst – blir lagt merke til

Ålesund-kunstnar Karin Augusta Nogva sin figur «Fuglevokteren» er utvald blant over 2500 søknader til å bli del av Høstutstillingen 2021.

Møtte Erna: Statsminister Erna Solberg møtte i november 2020 Karin August Nogva som «Fuglevokteren».  Foto: Svein Ove Ekornesvåg/NTB

Kultur

Nogva har nytta karakteren fleire gonger i sitt kunstnarskap, figuren er ein menneskefugl ikledd raud dress, svart maske, spiss hatt og nebb. Dei siste åra har «Fuglevokteren» vore del av motstanden mot vindkraftutbygginga på Haramsøya.