6. mai er dessutan «Verdens internasjonale trekkspilldag», og i år er det til overmål 125 år sia Carl Jularbo vart fødd.

Primus motor Kjell Opsal har fått oberstløytnant Egil Grindvik til å halde appell. Publikum får òg møte ekteparet Ingrid Tennfjord Øye og Leif Øye.

Ho var åtte år i 1940 då faren vende heim etter å ha delteke i gulltransporten. Leif gjorde på si side teneste i Tysklandsbrigaden. Andre veteranar derifrå er Jens Viset (86) og Waldemar Ørskog (90). Alle desse har sterke minne å dele frå tida si i eit Tyskland i ruinar.

Første tropp i kompani A har vore på trykk tidlegare. 1952-rekruttane inkluderer bildeutlånaren Ottar Brekke, nr. 4. f.v. i midtrekka. Nr. 7 er Johan Haram. Troppen vart leia av m.a. fenrik Rye og sersjant Solli, nr. 4 og 5 på huk her i tiårbildet.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.