Videopremiere:

Den siste cowboy - i hjortevest

Han har skote 200 hjort og slo Ole Klemetsen ut av bokseringen. Mindre legendarisk blir Ørsta-cowboyen neppe etter å ha spela seg sjølv i musikkvideo frå Vassendgutane.

PREMIERE: Blodfersk musikkvideo frå Vassendgutane

Teamet: Her er Vassendgutane i lag med teamet bak videoen. Bak til venstre er ein av produsentane, Tom André Aarsnes. Framme: Ivar Arne Knarvik, Arthur Johan Bjørdal og produsent og regissør Daniel Bjørkedal. Foto og produksjonsassistent: Anja Natalie Roen. 

Kultur

Alle i Ørsta har visst det, men no får heile Norge vite kven låten «Cowboyhatt og hjortevest» handlar om.

Teksten i låten er ikkje langt frå sanninga.

– Det er sjølvsagt sett litt på spissen, men dei syng om slik det var, flirer Ivar Arne Knarvik, mannen videoen handlar om.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Voldingen Daniel Bjørkedal sat og høyrde på låten i lag med Tom André Aarsnes då dei vart einige om at denne historia er så god at den burde blitt musikkvideo. Sidan dei driv med videoproduksjon starta dei med prosjektet sjølv, og fekk fleire proffe folk med på laget. Bjørkedal meiner at Knarvik er det næraste ein kjem ein ekte cowboy i dagens samfunn.

– Han er mannen som i 1997 slo Ole Klemetsen ut av bokseringen. I tillegg er han ein jeger av dimensjonar. Ein ekte karakter, seier Bjørkedal.

200 hjort

Knarvik sjølv ler av karakteristikkane.

– Kanskje eg vart fødde 100 år for seint, ler han, men legg til:

– Jau då, eg likar jakt. Det er sant at eg passerte 200 hjort for lenge sidan, men talet på hjort er ikkje viktig for meg, seier han.

– Du blir framstilt som litt av ein tøffing i videoen, ein kar som ikkje går av vegen for ein slåstkamp?

– He-he, det var no slik ei periode, men no er eg ein roleg familiefar, seier han.

Både hatten og vesten som blir brukt i videoen, og som har gitt tittelen til låten, er Knarvik sine eigne ting. Vesten fekk han laga seg ein gong på 80-talet. Av eigenfelt hjort, sjølvsagt.

«Badass»

Regissør Bjørkedal hadde sjølv eit inntrykk av at Knarvik var ein «badass». No har inntrykket blitt justert.

– Knarvik er ein jordnær og på alle måtar sympatisk fyr. Berre det at han ville stille opp i videoen syner det. Eigentleg var vi tenkt å bruke skodespelar, men kom fram til at Knarvik speler seg sjølv best. Heldigvis sa han ja til å bli med.

Utan fusk

Knarvik sjølv er nøgd med resultatet.

– Jau, eg tykkjer videoen er heilt grei. Det er ekte vare, utan fusk, seier han.

At mange no kjem til å sjå han i videoen har han ingen problem med. Han stilte opp mest for å gjere Vassendgutane ei teneste.

– Det er klart eg måtte leite fram hatten og vesten og hjelpe til då Vassendgutane spurte. Det er karar eg både tar av og på meg hatten for!