Bokbåten Epos held fram

Drifta av bokbåten Epos i Møre og Romsdal skal halde fram i samarbeid med Hordaland.

Held fram: Epos er populær i Møre og Romsdal. I fjor hadde bokbåten 71 stoppestader i fylket. 

Kultur

Det bestemte medlemmene kultur -og folkehelseutvalet på  møtet i dag. Fram til våren 2015 har fylkeskommunane Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland hatt felles leigeavtale for bruk av Epos. Men i desember 2014 vedtok Sogn og Fjordane å avvikle drifta av bokbåten i sitt fylke frå hausten 2015. Hordaland fylkeskommune har på si side vedteke å vidareføre drifta av Epos, og å inngå avtale om leige bokbåten i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune,- slik kulturutvalet i vårt fylke no legg opp til.

Auka kostnad

Totalt kosta bokbåttenesta i Møre og Romsdal 1,8 millionar kroner i 2014. I saksdokumentet går det fram at driftsmodellen med to fylke gir ein kostnadsauke for Møre og Romsdal på 80.000 for 2. halvår 2015, og 160.000 kroner pr år vidare. I vedtaket frå kultur- og folkehelseutvalet går det fram ein sluttar seg til fylkesrådmannens forslag om at meirkostnaden for 2016 og 2017 blir innarbeidd i budsjettet. Kulturutvalet vedtok og at det skal jobbast politisk for å få driftstilskot til bokbåten inn på statsbudsjettet.