Bilder: Skjemtegauk X

Fullbooka for første gong.
Kultur

Skjemtegauk-festival nummer 10 går av stabelen i Ulsteinvik hos Den gamle nabo.

For første gong var det i går fullbooka før showstart.

- For første gong har vi kapasitet til så mange som 200. Likevel var det utselt før showstart. Nokre få billettar vart ikkje henta og vart selt i døra.

Det fortel arrangør Åge André Breivik. Grunnen til det gode salet trur han er at dei hadde gode namn som Stian Blipp og Vidar Hodnekvam.

Linda Mahalaog Arnt Finesse deltok også. I tillegg til dei annonserte komikarane kom Henrik Overaa Bjørnson og var konferansier.

Samfunnskritisk

Festivalen held fram laurdag kveld. Dag Sørås og Christoffer «Doffedutten» Dedekam Schjelderup er litt annleis i stilen, seier arrangøren.

- Her er det enno ikkje utselt. Desse to er litt meir samfunnskritiske og seriøse. I tillegg kjem Selda Ekiz frå tv-programmet Newton, som var standup-komikar før ho byrja i Newton.