Med nye rekordar for besøkstala og det svenske punkbandet The Hives på Malakoff-scena seint laurdag var festivalsjefen heilt i skyene ved avslutninga av festivalen laurdag.

– I dag fann vi verkeleg Malakoff-stemninga heilt frå Svelene gjekk på scena til the Hives gjekk av kom høgdepunkta på rekke og rad, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

«Fantastiske konsertar»

The Hives har stått på ønskelista til Naustdal sidan oppstarten av festivalen, og han meiner både dei svenske punkarane og skottene Biff Clyro innfridde med «fantastiske konsertar».

Naustdal delte opplevinga med rundt 10.000 publikumere laurdag. Også fredag var det om lag 10.000 besøkande innfor portene, og utselt for billettar.

Også politiet seier seg nøgd med festivalhelga, og oppsummerar den som relativt roleg.

Les også: Iver (9) og Eirik (6) er søppelpoliti på MalakoffLes også: Malakoff  er utseltLes også: Rocka i underbuksa på Malakoff

Bildeserie: Kaizers, LidoLido, First Aid Kit og Black DebbathBildeserie: Sjå bilda frå Malakoff-starten

Reknar med ny rekord

Publikumstala var ikkje heilt klare i natt, men rockefestivalen reknar med at ein kjem opp i kring 20000 publikumarar over to dagar. Det er i tilfelle ny rekord.

– Under CC Cowboys-konserten allereie klokka fire var det kring 8000 på området og eit yrande folkeliv. Det såg ut som folk storkosa seg med sola og musikken.

Det betyr at festivalen har treft særs godt med årets program. Malakoff satt seinast i fjor ny publikumsrekord med 17.000 besøkande - delvis i pøsregn.

Medan dei frivillige truleg så vidt er i gong med oppryddingsarbeidet etter årets arrangement, er Naustdal i full gang med planlegging av neste års festival - og tek sikte på eit like bra program då.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Skotske Biffy Glyro var mellom dei største trekkplastra under helgas festival - og innfridde. Foto: Olav Standal Tangen