I 1997 reiser Harald Tom Nesvik til hovudstaden for å starta si karriere på Stortinget. Då han kjem til inngangsdøra til leilegheita han skal bu i, står det «Tom H. Nesvik» på dørskiltet. No, 18 år etter, er det framleis titt og ofte komplikasjonar med det sunnmørske dobbelnamnet.

– Ein gong eg var med på debattprogrammet Tabloid på TV2 var det ein kar som ringde kommunikasjonsavdelinga med følgande beskjed: «Korleis kan ein kalle nokon for Harald Tom?». Dette var det einaste han sa før han la på røret, ler Nesvik.

Bakvendt

Vanlegvis blir dobbelnamn bygd opp med eit kort namn først, deretter eit lengre. Som for eksempel Per Otto, Jan Magne og Liv Kari. Dette følger det namneforskar i Ørsta, Terje Aarset, kallar tungvektsprinsippet.

– I ordpar blir det lengste ordet plassert sist, slik som for eksempel i «bot og betring» og «mål og minne».

Men på Sunnmøre er det ein tradisjon for det motsette, at det lengste namnet kjem først. Per Otto blir Otto Per, Jan Magne blir Magne Jan og så vidare.

Kva ville namet ditt vore, dersom du hadde eit ekte sunnmørsnavn? Prøv Sunnmørsposten sin namnegenerator!

– Det er kan hende ikkje alle elles i landet synest det er så fint, men eg synest det må vere heilt greitt at folk på Sunnmøre oppfattar det som naturleg. Dialektar og namneskikkar skiftar jo i landet, seier ein annan namneforskar, Ivar Utne ved Universitetet i Bergen.

Ifølge god, gamal norsk namneskikk er det vanleg å gi barnet sitt eitt namn ved dåpen. Skikken med dobbelnamn er ifølge Aarset noko som har kome utanfrå.

– Dobbelnamna kom tidleg på kysten, og truleg kom ideen sjøvegen frå Bergen. Aarset har forska på bruken av dobbeltnamn i Vartdal, Hareid og Ulstein og har funne ut at det mellom 1878 og 1890 var så mange som 75 prosent som hadde doble namn i desse tre kommunane. Dette vitnar om at kyststroka på Sunnmøre var tidleg ute med denne trenden, for namneforskaren i Bergen kan fortelje at skikken med korte, doble fornamn i Norge var svært populær mellom 1930 og 1950.

– Og på same tid ser det ut til at sunnmøringane begynte å snu om på namna, legg Utne til.

Suksess med omvende namn

Same året som Harald Tom Nesvik tok til å arbeide på Austlandet dukka det opp ei dame ved namn Hildegunn Moltubakk i Norgesglasset på NRK P1. Ei fiktiv småbarnsmor frå Ulsteinvik som fortalde om livets utfordringar. Saman med seg hadde ho mellom anna svogeren Leif-Per.

– Leif-Per er den typiske ungkaren, sindig og fåmælt. Han er ein kontrast til den meir opne og omgjengelege Hildegunn og tytinga hennar, fortel Ørjan Liavåg som spelar Leif-Per.

Både karakterane og namna er ei god blanding av verkelegheit og fantasi. Alle i serien har fått dobbelnamn, dei fleste med ein sunnmørsvri, slik som for eksempel Ellinor-Liv, Per-Stig og Sverre-Jan.

– Vi ville ha noko autentisk sunnmørsk, seier han som spelar Hildegunn, Fredrik Steen.

– Men kva med Hildegunn?

– Det er jo også eit dobbelnamn og består eigentleg av Hilde og Gunn, påpeikar han.

– Karakterane er ikkje basert på spesifikke personar, men namna er på ingen måte ei overdriving, understrekar Liavåg. Mellom 1998 og 2000 gjekk det i Hildegunn og Leif-Per for Steen og Liavåg. Dei spelte for fulle hus rundt om i landet, og det var ikkje tvil om at revyfigurane med dei omvende dobbelnamna slo an. Frå 1998–2001 og frå 2006–2008 vart showa med Hildegunn og Leif-Per sett av meir enn 150.000 menneske, i tillegg til fleire TV- og radiostunts.

Å kalle opp

I artikkelen Terje Aarset har skrive om doble fornamn i Vartdal, Hareid og Ulstein er der fleire forslag til forklaringar på kvifor det vart så populært å gi barnet sitt fleire namn.

Aarset siterer folkelivsgranskaren Eilert Sundt som i ei avhandling frå 1864 fortel at dersom ei gravid kvinne drøymde om ein død person, var det eit teikn på at den avdøde ville bli kalla opp att. Dersom det skulle gå bra med barnet var det best å gjere som den døde ville. Denne skikken er i tillegg til Sunnmøre, også kjend i Nordland, men ikkje på Austlandet.

– Eldre folk i Vartdal har i samtale med meg peika på at ved å bruke to eller tre namn var det mogleg å kalle opp att fleire på ein gong. Somme vil ha det til at dette har vore den viktigaste årsaka til at dobbelnamn-skikken greip om seg, skriv Aarset i artikkelen.

Dette førte også til ein annan trend, nemleg å ha meir enn to fornamn. Noko som Aarset har funne ut at toppa seg i 1870–1875 for Herøy sokn, då heile 40 prosent hadde tre fornamn.

Usikker på årsak

Men teorien om å kalle opp barn etter slektningar fortel ikkje nødvendigvis kvifor namna blir snudd bak fram. Dette er det ikkje så lett å finne ei forklaring på.

Sunnmørsposten har vore i kontakt med mange personar innan fagfeltet, men ingen er sikker på kva som er årsaka til dei omvende dobbelnamna. Ivar Utne prøvar seg på ei forklaring forankra i eit fenomen som truleg går tilbake til 1600–1700 talet.

– Dersom ein far som heitte Anders hadde ein son som heitte Lars, var det vanleg å kalle sonen for Anders Lars. Ein la til farsnamnet først, eller eventuelt morsnamnet, faktisk. – Barna vart ikkje døypte med desse namna, men det vart som eit kallenamn. Ein dialektmåte å seie «Anders sin son Lars», forklarar Utne.

Denne talemåten var vanleg på heile Vestlandet, og spesielt på Nordvestlandet, ifølge Utne.

På Austlandet hadde dei andre variantar. Mellom anna la dei til farsnamnet sist og sa «Lars hans Anders».Begge desse skikkane gjekk ofte på kryss og tvers av familien og både namnet til foreldre, besteforeldre og ektefelle kunne nyttast.

– Det kom mykje rare namn ut av denne skikken, sett med notidas auge. Den var vanleg så lenge som fram til 50-talet, då trenden med korte dobbelnamn kom. Ifølge Utne er det mogleg at namnemønsteret i det vestlandske fenomenet er noko som har blitt vidareført her på Sunnmøre i form av doble fornamn.

– Men Sunnmøre var jo tidleg ute med dobbelnamna, så det kan også vere at dei to trendane har levd parallelt.

Innovative

Utne meiner at dette uansett er noko som handlar om talemål og tonelag.

– For sunnmøringar er dette heilt normalt. Det er lettare å seie slike namn på sunnmørsdialekt enn på austlandsk, for eksempel. Så vidt dei Sunnmørsposten har vore i kontakt med veit, er det ikkje forska på fenomenet. Det finst dermed ikkje vitskaplege bevis på kor mange som har følgt denne namnetrenden, eller om dei fleste er å finne på Sunnmøre.

Guldbrand Alhaug, namneforskar og professor i språkvitskap ved Universitetet i Tromsø, seier den omvende rytmen er veldig sjeldan i Norge i dag, men kan fortelje at dette er vanleg i andre land, som for eksempel på Island.

Utne er derimot skeptisk til ideen om at dette er noko som har kome frå utlandet.

– Eg er ganske sikker på at dette er noko som har oppstått på Sunnmøre, fordi bruken av kort fornamn nummer to kom i bruk etter midten av 1900-talet på Island, meiner Utne.

Ifølge mytar er sunnmøringar kjent for å vere både gjerrige og innovative.

– Kanskje det begynte fordi dei ville skilje seg ut? spør Utne.

Dette er ein tanke Harald Tom Nesvik, som forresten er oppattkalla etter besteforeldra Harry og Thomas, er einig i.

– Vi skal vere litt annleis, konstaterer han. På spørsmål om dette er ein tradisjon som vil halde stand i framtida, er namneforskaren usikker.

– Eg mistenker at fenomenet er generasjonsbasert. Skikken er nok frå den tida då det var vanleg med korte dobbelnamn. I dag er ikkje dobbelnamn så vanleg, og dei som har det, har gjerne lengre namn der hensikta ikkje er å bruke begge i daglegtalen, seier Utne.

foto
Eg er sikkert kalla opp etter mormor Margit og farmor Jenny. Eg jobbar mykje på Austlandet, og der bookar eg inn på hotell og presenterer meg som Magne Vik. Heime heiter eg Magne Jan. Ein gong fekk eg til og med nytt bankkort frå Sparebanken Møre der det stod Jan Magne. Men eg har levd godt og bryr meg ikkje så mykje om det. Foto: June R. Johansen
foto
Eg var innskrive i kyrkjeboka som Liv Petra, men mormor godtok ikkje namnet og fekk det endra til Perdis Liv like før dåpen. Eg er kalla opp etter mormor Petra og morfar Lars, men bruker berre Perdis til vanleg. Eg har kava med dette namnet i 70 år no, det er travelt å ha eit namn ingen forstår og som eg stadig må gjenta. Foto: Privat
foto
O-en kjem frå bestefar Oskar, men så vidt eg veit har vi verken hatt Ottar eller Jan i familien før. Eg er fødd i 1951, og då var det vanleg med to namn. Det har blitt nokre tilbakemeldingar på at eg har eit spesielt namn. Eg er bevisst på å bruke begge for eg syns det er fint. Foto: Privat
foto
Eg trur eg eigentleg berre skulle kallast opp etter farfar Arne, men så slengde dei på eit namn etter mormor Petra også, slik det vart noko frå begge sider. Mange syns det er eit morosamt namn. Eg har ikkje noko imot å heite det, men er ikkje kjempefan av namnet, så bruker mest berre Arne sjølv. Foto: Privat
foto
Forklaringa på namnet mitt er at eg er kalla opp etter mine to besteforeldre Cornelius og Samuel. Kvifor namna står i den rekkefølge dei gjer har eg spurt foreldre mine om mange gongar, det næraste eg kjem ei forklaring er at mor mi er frå Herøy. Men det er som i poker, ein må spele med dei korta ein har fått. Eg bruker begge namna til vanleg, og har funnet ut at det kan fungere bra som ein «ice breaker». Foto: Privat