– Eg har alltid hatt ein draum om å arrangere kunstutstilling her på tunet, og no skjer det, seier Anette Møll.

Laurdag og søndag blir det gamle klyngjetunet ho har arva brukt til å vise rundt 50 arbeid av Torunn Mølsæter. På husveggene utandørs skal bildekunstnaren frå Geiranger vise fram måleri, teikningar og glasmåleri.

Det er tre år sidan Anette Møll kom flyttande frå Nesodden for å busette seg Møllstunet, der dei eldste husa kan daterast tilbake til 1605.

– Det har vore ein tradisjon langt tilbake i tid at kunstnarar kom hit til Møllstunet for å måle og hente inspirasjon frå Sunnmørsnaturen. Det er den tråden eg ynskjer å ta opp att, ved å invitere ulike kunstnarar til å ha utstilling her. Tanken er at kunstutstilling skal bli ein årleg happening her på tunet, seier Anette Møll.

Først ut

Å velje Norunn Mølsæter som første utstillar, var heilt naturleg for Anette Møll.

– Vi har kjent kvarandre heile livet, og no er vi naboar her i Geiranger etter at vi flytta tilbake begge to. Dessutan målar ho flotte bilde, forklarer ho.

Utstillinga som opnar laurdag har Norunn Mølsæter kalt «Tilbake-Rå».

– Tittelen siktar sjølvsagt til det å flytte tilbake til Geiranger, til naturen, til stilla her om vinteren, og kanskje og om det å kome tilbake til kunsten og meg sjølv etter meir enn tjue år i Oslo, seier ho.

Røffe bilde

Ho fortel at dei fleste bilda hennar er inspirert av naturen Geiranger, og at rundt 25 av akrylmåleria ho stiller ut er måla i løpet av det siste året.

– Naturen her er voldsam, rå og dramatisk. Det viser att i bilda mine i form av sterke fargar, og rå motiv, fortel kunstnaren som målar med kniv og kraftige penslar. Det gjer ho for å få kraft og energi i bilda.

– Eg er mest oppteken av fargane når eg målar. Ofte let eg fargane flyte fritt, og byter gjerne om på dei i forhold til naturen. Fjorden er ikkje nødvendigvis blå i bilda mine. Ikkje himmelen heller, seier Norunn Mølsæter likar å lage positive bilde med glade fargar.

Det å glede seg over, og ta vare på naturen, er underliggjande bodskap i denne utstillinga, fortel kunstnaren som er spent på mottakinga av den første separatutstillinga ho har i Geiranger.

– Eg har hatt fleire stillingar i Oslo, og bilde til sals i Galleri Geiranger, men dette blir noko anna. Ekstra vervepirrande å stille ut i heimbygda, meiner ho.

Spanande

I Møllstunet viser ho måleria utandørs, utan rammer og stifta rett på dei gamle vêrslitne veggene.

– Det blir gjort for at publikum skal få oppleve både kunst og natur samstundes. Eg trur utstillinga blir meir spanande når folk kan vandre på oppdagingsferd mellom husa.

– Men er det er det ikkje vågalt å henge opp måleri ute? Kva om det blir regn i helga?

– Eg har brukt vassfast måling, så blir bilda litt våte så tåler dei nok det. Men vi satsar på fint ver, seier bildekunstnaren.

Uteutstilling. Eigar Anette Møll og bildekunstnar Norunn Mølsæter inviterer til kunstutstilling i Møllstunet.