Dagane er eit gedigent løft for den lille bygda med 230 husstandar. Kvar forsommar skipar dei til dugnaden som i år samlar fleire kunstnarar, artistar og utstillarar på Sæbø enn nokon gong.

Bjørn Johan Muri

Trekkplastera i år er mellom andre Bjørn Johan Muri, som avsluttar dagane med konsert søndag 5. juni. Før det kan ein få med seg kunstnarar som Yngvil Birkeland frå Volda og Kjell Idar Saure frå Åmdal. Dei og ei mengd andre stiller ut kunst og handverk i skulen og gymsalen.

- Dei siste åra har dagane hatt mange besøkande. Dette er plassen å treffe kjentfolk. Mange kjem heim til denne helga natt av den grunn, og folk kjem langveis frå for å treffe kjende, fortel leiar i arrangementskomitéen, Synnøve Hill.

Trylling og cabaret

Av andre høgdepunkt i løpet av helga kan nemnast show med tryllekunstnar og familieunderhaldar Haakon Esplo, musikalsk cabaret med artistane Marie Austrheim og Silje Aarflot, og politisk debatt med Jørgen Amdam som ordstyrar.

– 2011 er det internasjonale frivillegheitsåret, Hjørundfjorddagane i seg sjølv er ei stor frivillegheitsfeiring, seier Hill, som peikar på at om kvar frivillig hadde gjort berre ein ting, til dømes bake kaker eller selge mat, ville dei behøvd nær 400 menneske for å få dagane til å gå av stabelen.

Hjørundfjorddagane arrangerast første helga i juni som tidlegare år, og det meste skjer på skuleområdet og idrettsplassen ved klubbhuset.