I Stordalshallen stilte over 800 publikummarar opp for å sjå den nær tre timar lange musikaloppsetjinga, eit prosjekt der eit ukjent mengd involverte med ungdommar i spissen har engasjert seg i alt frå sceneframføring, scenografi, lys og lyd til billettsal, kafé, vakthald og økonomi.

Les nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no

Enormt med arbeid

15 timar kvar veke sidan august i fjor har dei øvd, dei nærare 30 ungdommane som stilte på scena for å framføre musikalen.

Friskt satsa, innrømmer 18 år gamle Mats Rune Larsen, som saman med kompisen Adrian Nakken tok initiativet til å sette opp «We Will Rock You» i Stordal, ei bygd med 1000 innbyggjarar.

– Vi fekk ideen i mars i fjor. Då var det tre månader sidan eg hadde stått på ei scene og tenkte at enten kan eg sitje her i stolen og vente på at noko skal skje, eller så kan ein gjere noko sjølv.

– «We Will Rock You» har eg sett både i London og i Oslo, og syntest den er knallbra. Vi bestemte oss for å gåfor heile musikalen, ikkje berre ein konsertversjon. Men det har vore enormt med arbeid, fortel Mats.

Overskot

Med seg på laget fekk dei Stordal kommune, Ungdomspanelet i Møre og Romsdal og lokalt næringsliv i fleire av kommunane, som alle stilte med sponsormidlar. Pluss ei rekkje ungdommar frå Stordal og familiemedlemer til aktørane på scenen, som stilte opp for å hjelpe til med det praktiske.

I går kunne Mats Rune og alle dei andre puste letta ut, etter ei førestelling som både dei og publikum var stornøgde med, og som også gjekk med eit lite overskot.

Unikt

Bjørg Jacobsen, leiar for arrangøren Stordal Ungdomsråd, er imponert over initiativet og innsatsen til ungdommane.

– Ikkje berre over ei flott førestelling, som har imponert publikum, men også over at dei har samla ungdommar frå heile området og fått til eit samarbeid på tvers av kommunegrensene. Det er heilt unikt, meiner Jacobsen.

Les fleire kulturnyheter på smp.no Hva skjer? Sjekk kulturkalenderen på smp.no

Utselt på Stranda

Men moroa er heldigvis ikkje over for musikalgjengen frå Stordal. Laurdag er det ny førestelling, i Storfjord kulturhus på Stranda. Den er utselt allereie.

– Vi har berre plass til 300, og vurderer både å setje inn 40 stolar ekstra og setje opp ei ekstraframsyning på søndag, dersom interessa for å få tak i billettar held fram.

– Eg var og såg førestellinga på laurdag og blei mektig imponert. Noko så rått har ikkje blitt framført i Stordal nokon gong, meiner kulturhusleiar i Stranda, Sigurd Drege.

På musikal. Publikum i Stordalshallen, mange av dei ungdommar, kosa seg då dei fekk sjå den neste tre timar lange oppsetjinga av «We Will Rock You».
Femme Fatal. Helga Løset Skodjereite i aksjon som Killer Queen. Foto: Hallgeir Hove