Les meir om denne saka i papirutgåva av Sunnmørsposten måndag.

Overå takka høfleg ja, då han tidlegare i år blei spurd av leiinga i Hareid kunstlag om han ville vere årets Hareidsstemne-kunstnar.

Den utflytta hjørungavågaren har budd i Sverige det meste av livet, etter at han som 21-åring drog til Stockholm og utdanna seg til elektroingeniør, fekk seg jobb og stifta familie.

Følg smp.no på Facebook

«Ingeniørkunst»?

Etter å ha jobba som elektrikar og elektroingeniør det meste av livet, bestemte Rudolf Overå - i ein alder av 64 år - at han ville utdanne seg som kunstnar.

Overå har ikkje heilt sagt farvel til ingeniøren i seg, for han brukar ofte den opparbeidde yrkeskompetansen sin som inspirasjonskjelde og bakgrunn for kreative tankespinn i arbeidet med å skape nye bilde og uttrykk. Kan hende gir Overå ordet «ingeniørkunst» ei ny betydning?

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Inspirert av nordlys

– Det handlar ikkje så mykje om elektronikken, men om teorien bak den, seier Overå, noko kryptisk.

Han let seg inspirere av nordlyset, ikkje berre fordi det er vakkert å sjå på, men fordi han veit korleis det blir skapt.

– Det aller mest spennande med dette fenomenet er jo kanskje all mytologi og overtru som er knytt til det. Då Martin Luther såg nordlys i Tyskland i 1525, meinte han at dette var djevelens listige åndehær som gjekk til angrep. Og eg hugsar at bestemora mi sa at vi måtte halde oss inne når det var nordlys.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Variert og rikt program

I tillegg til opninga av Overå-utstillinga er det laurdag kveld konsert med Bigset blandakor, Fyllingsdalskoret og gruppa JUDE.

Søndag er det konsert med Hjørungavåg Brass, og fleire godbitar er i vente i veka som kjem.

Sjå meir av programmet på Hareidsstemna.no (ekstern lenke)

Rudolf Overå (80) er årets Hareidsstemne-kunstnar. Overå saman med bildet «Bifrost - vegen til Himmelen». Foto: Gunnar Wiik
Originaltittelen på bildet i bakgrunnen er «Blodljus». – Når dei såg raudt nordlys i gamle dagar, var det mange som trudde det var varsel om ulykke og død, fortel kunstnaren. Foto: Gunnar Wiik